torsdag 18. juni 2015

CECILIE ANNA RØNHOVDE


Å skriva musikk er som å laga ein båt. Du treng god material, og du må bygga han godt. Elles vil han aldri nå ut i verda.

Cecilie tar overstrøymde i mot meg. «Me må ta bildene i hagen» lèt det, medan ho trør oppi dei største gummistøvlane i huset.




Cecilie og musikken har vakse opp i lag. Det var piano og fløyte-øvingar frå ho var fem. Det viste seg etterkvart at femåringen hadde absolutt gehør, og det er ei sjeldan gåve.
Men det er ein lang vei frå musikkøvingar som lita jente, til eigenkomponerte songar med Familiefortaket. Bandet byrja leva i 2012 og dei involverte er no Lars Håvard Birkenes(trommer), Knut Heggdal(bass), Endre Olsen(vokal og gitar), Vidar Vedå(vokal og gitar) og Cecilie(vokal og tangent). Som soloartist er ho Cecile Anna.
Gisle Østrem må og nemnast. Han har vore viktig for Familieforetaket og Cecile Anna. Alle lydopptak som er gjort har han stått for. Alt i alt er det ein fantastisk gjeng, seier ho.




Cecile lagar musikken til Familieforetaket, men alle i bandet bidreg når songar skal arrangerast.
Ho fortel:  

Eg kom til å tenka på dette med å bygga ein båt. Mitt treverk er kjensler og opplevingar. Inntrykk frå natur, frå folk, dyr, filmar, kvardagane, høgtidsdagane, alt dette. Å oppleva korleis alt er likt, og samstundes ulikt: Korleis den vesle fuglen er lik den store samstundes som den ikkje er lik. Korleis eit barn er likt ein vaksen, lik ei pil framover i tid. Kva som sit igjen av barnet i ein vaksen, lik ei pil bakover i tid. Korleis trea gror, korleis trea gror i skogen, korleis dei står og susar, stille, mens me ligg i sengene våre, mens me er på juletrefest, mens me hentar nokon som skal sitja på med oss, mens me sit ved datamaskinane våre, mens me kjeftar på kvarandre eller gjev kvarandre ein klem; trea står i skogen. 



Folk spør meg: Korleis lagar du songane dine? Men korleis samanfattar eg all denne inspirasjonen, denne som berre fortset: Alt det livet som finns i skogen. Dei små fuglane. Dei større fuglane. Krypdyra, slevene, mysene, alt som lever under barken, alt som lever i tretoppane. Alt dette er med i songane mine i eit levande drag. Men også byane, bilane, menneska, luktene, lydane, denne pulsen av varme i eit fjernt kvartal ein stad, der ei dame med blågrått hår stoppar opp og skal over vegen, og ein mann står ved sidan av ho. Dei elskar kvarandre ikkje lenger. Også dette. Og fjordane, med livet rundt. Dei handfaste, stålfarga eldgamle fjordane der folk har budd og slete i fleire tusen år. Korleis kan eg forklara alt, og dette med stemmene som kjem til meg? Ikkje slike sjukelege stemmer, ikkje slike som fortel i hovuda på folk, men stemmene til nokon som har sunge på ein måte eg ikkje kan gløyma. Desse stemmene blir verande, dei heng i kroppen og i sinnet og slepp ikkje taket, somme tider ikkje før eg har laga dei ein song. Slik er det. Eg er eit utkikkspunkt, ein sentral der inntrykk og kjensler blir omforma. Kanskje heiter det katalysator, kanskje kan eg kallast ein omformingsstasjon. Og det er lett å gløyma at ikkje alle har det slik. Eg gløymer det heile tida. Det er som om nokon skulle spørja: Kvifor ler me? Det er det same. Du døyr om du ikkje pustar. Eg døyr ikkje om eg ikkje lagar songar, men som med latteren blir livet taust og mørkt utan.

Songen Out in a tree handlar om å klatra i trer. Den handlar også om å gje rom til kvarandre, og til seg sjølv, seier ho. Somme tider hadde me hatt godt av å koma tilbake til dette rommet frå barndommen. Det lyser stille.

“Don't let your thoughts bring you down
you have the sun on your face
and outside there's childrens play
you wonder where goes our grace
remember how it felt to climb
and leave the earth for a while
love your hands and your feet
like strangers on a train
like strangers on a train”



Det å skriva musikk er ein samansett prosess, ein miks av det du har kontroll på og ikkje kontroll på, fortel Cecilie. Dragning mot det mørke bryt mot de lyse, fragmenter og inntrykk samlar seg og formar songar. Men det viktigaste er å ha tolmod, songane må modnast for å falla på plass.

Å reagera sterkt på vonde inntrykk kan og vera med å skapa songar, til dømes handlar "Dance" om mishandling av dyr. Eg skriv om slike ting og, seier Cecilie. Det er då som å leggja det vonde igjen i songen. Den er veldig tung, men det finns og håp i den. Ei oppmoding om å tenka seg om, og ta vare på naturen.

“Dance
You'll have the coming of the season
Where every man is left alone
You'll feel the distance
when every common man is gone
And you'll begin to feel the difference
between your rights and wrongs
It's in your clay, man
Work it harder”


Kva framtidsplanar har du, Cecilie?


I sommar skal Familieforetaket i studio hos Gisle Østrem og spela inn plate. Det blir spanande! Elles er livet stort sett fint. Om du spør meg om draumane mine så er dei større og fleire. Å reisa på turne med bandet er definitivt ein av dei. At stemmene eg har skrive songar til skal synga dei, er ein annan, og denne draumen er jo langt på veg realisert med songane Vidar og Endre syng, og kameraten min Trond. No gjenstår berre Tom Waits og Bill Callahan og Will Oldham og Michael Chapman og Bruce Springsteen og Joe Henry og nokre til. Dei kan jo få tilbodet, avsluttar Cecilie med eit smil.




Roald Sundal

fredag 12. juni 2015

No er det ikkje lenge før helga er her!






Me gler oss stort. Desse små skattane kom verkeleg til sin rett i den fine gamle stova!







Yngve sin utstilling er open dagleg frå laurdag 20.06 kl 13:00 til sundag 28.06 kl 15:00.
Det vert ikkje arrangert noko fellestransport men kom deg på ein båt! Det er alltid nokon som har ein båt. Yngve og desse elsklingane under er klare til å ta imot dykk. Bileter frå montering av Roald sin utstilling kjem.

Cecilie Anna




onsdag 3. juni 2015



ROALD SUNDAL

"Kva eg har lært ved å prøva å arbeida som kunstnar? Ta vare på alt, alle ledd i prosessen er viktig. Kunst er som ein familie, med alle personligheitane, alt det ubehagelege, alle avskyggingane." -Roald Sundal 2015

Roald Sundal er ikkje av den snakkesalige typen, spesielt ikkje når det kjem til det personlege. Eg seier til han: Eg må ha eit bilete av deg, ikkje berre av det du fotograferer. (Mumling på telefonen). Eg seier: "Dette er ein gyllen sjanse, Roald. I Vil Vaka står me fleire saman om å profilera oss, og me kjem aldri til å klara det på eiga hand." Og han er einig. Me klarar det ikkje åleine.
Her er Roald:



                                                                            Foto: Randi Elin Glesnes




Roald Sundal er født i 1964. Han vaks opp på Tysnes som yngst av sju søsken. I det daglege arbeider han i Wärtsila på Stord. Han er gift og far til tre.

Han byrja å fotografera då han var 22 og sidan har foto vore ein lidenskap. Han har delteke ved ulike workshops, utstillingar og internasjonale fotofestivalar. Under ein slik festival ("Les Recontres de la Photographie", Arles i Frankrike) vart han teken opp som medlem i fotobyrået Millennium Images. Gjennom dette byrået har han mellom anna hatt ein sju-siders reportasje med foto presentert i det anerkjente britiske foto-tidsskriftet "Black and White Photography". Han har og hatt foto på trykk i det tyske magasinet "Der Spiegel".






I Stord fotoklubb er han aktiv og for tida er han med i leiargruppa. Han er og med i fotogruppa Photopolet. På bloggen Obsfoto http://obsfoto.posthaven.com/ skriv og reflekterer han rundt temaet fotografi og spør seg om kvifor me eigentleg fotograferer. Roald er også oppteken av det me kan kalla kvardagsbileter. Snapshots me tek i det daglege, som også kan vera kunst.






Over eit par års tid har Roald og Cecilie hatt ein dialog om kva kunst er eller kan vera. Dei har kome fram til at å forsøka seg på kunst er lov for alle, og at det vil visa seg i etterkant om forsøket var vellukka.

Etter innspel frå Cecilie har Roald friviljug og motviljug på ein gong gjort alt frå å riva bileter til å legga dei ut i snøen, til å mala på dei.










..og no sist lagt bilete tekne i skogen ut att i naturen der dei kjem frå. Det er desse bileta Roald viser på Vil Vaka-utstillinga "Utgjerde. Landskap." Eine halvdelen av bileta har ver og vind fått herja med på eigahand. Andre halvdelen blei lagt ned i eit hjortehol, der printa fekk ein naturleg toning.





Han presiserer at han føler han beveger seg i ukjent terreng og at det har vore ubehageleg å tenka på å legga ut dei fine dyre printa i skogen, men at det kjennes greit når det først eg gjort. "Då kan eg gå vidare", seier han. Men han kjenner på at fallhøgda er stor, at han er redd for at utstillinga ikkje skal verta vellukka.

Kontakten med Cecilie ser han på som ein danningsprosess der grensene hans har vorte pressa og forserte. "Før hadde eg ein måte å gjera det på, no har eg to. Men denne nye måten passar ikkje nødvendigvis på andre prosjekt." Poenget, er dei einige om, er at rommet han arbeider i har vorte utvida, med fleire verkty og ikkje minst med mogligheit for oppdaging av enno fleire verkty i framtida.

Vil Vaka-Utstillingen "Utgjerde. Landskap" opnar fre 19.06.15 i Galleri Losjen, Fitjar kl 18:00 (Musikk v/Miniforetaket. Fri entré.)

"Eg las ein gong at fotografiet er eit utstnitt av røyndommen, eit lite fryst punkt med fortid. Dette var lenge sidan, og i dag pustar skogen med langsame djupe andedrag, svakt og nesten uhøyrleg." -Roald Sundal 2015

Cecilie Anna
Bakgrunnsintervju: Bodil

fredag 17. april 2015

Rydding og sortering av bilete






Yngve har teikna så lenge han kan hugsa. Som liten teikna han mellom anna på baksida av gamle arbeidsteikningar som mor hans hadde skaffa på Verftet. Saman med ein kamerat fylte han heile flater med  borger, romskip, tunnellar og store slag. Som 12-åring fekk han sitt første maleskrin frå broren Bjarne, som hadde vore til sjøs. Draumen var å bli kunstnar eller båtbyggjar.






I løpet av åra har han nytta seg av talrike stilartar; frå grafikk til keramikk,  oljemaling og akvarell. Stilen er ofte draumeaktig med inntrykk frå ei surrealistisk verd. Andre gonger er uttrykket enklare og stillare. Han syns stadig å vera på veg mot noko i den kreative prosessen. Ikkje sjeldan har han laga bileter som skildrar noko i framtida, som om han i ein ubevisst kreativ prosess er litt i forkant med kunsten.






Yngve har gått på Harde og plastiske material ved Kunsthandverkskulen på Voss. I 2014 vart han ferdigutdanna som snekker. Han har delteke på utstilling i Lerwick på Shetland og i Fengselet i Leirvik på Stord.  Dessutan har han vist fram kunst ved Silkeborg grafiske verkstad i Danmark og ved ein privat utstilling på Fitjar.






For ei stund sidan møttes me hos Yngve. Det var ein triveleg og arbeidsom dag der me samla og gjekk gjennom alt han hadde av kunst og ramer i huset. Målet var å velga ut bilete til utstillingen men også å få oversikt og system i alt.






Resultatet vart ein ryddigare heim og eit utgongspunkt for utstillingen som går føre seg 21.-27. juni 2015 på Torsdagsøy.






Det neste som må gjerast er å få ein flott finish på innramming. Yngve har kjøpt seg proff passepartout-skjerar, og har fått hjelp av Roald og Cecilie til å matcha dei gamle ramene han har samla opp gjennom åra med bileta. Det blir utruleg flott, og spanande å sjå resultatet!

Cecilie Anna
Intervju med Yngve: Bodil




tirsdag 24. februar 2015

Ein fantastisk dag i februar fekk me vera med ut på ei nydeleg øy i Fitjar. 

Yngve har teikna så lenge han kan hugsa. Som liten teikna han mellom anna på baksida av gamle arbeidsteikningar som mor hans hadde skaffa på Verftet. Saman med ein kamerat fylte han heile flater med  borger, romskip, tunnellar og store slag. Som 12-åring fekk han sitt første maleskrin frå broren Bjarne, som hadde vore til sjøs. Draumen var å bli kunstnar eller båtbyggjar.

Det finst ein stad på ei lita øy med to hus som står tett. Slik har dei stått lenge
Over dei, himmelen
Rundt dei, sjøen
Menneske har budd på denne øya
Det eine rommet i det eine huset har vore brukt til skulestove og evangelieforsamlingar
Husa har vore brukte til koleralasaret og såpekokeri
Det har vore dyr på øya, og dei er her framleis
Saugene held skogen nede
Dei er nyfikne og glade for brød når me kjem








Dette er Yngve Bukkøy. Han er ein som har teikna og måla bilete heile livet. I eit av uthusa fann han ein svær malekost saman med anna kjekt og underleg og gamalt og heimesnekra av verktøy og andre ting.








Me har bestemt oss for at han skal ha ei kunstutstilling på Torsdagsøy søndag 21. juni-søndag 28. juni.

Me har og bestemt oss for at Familieforetaket, bandet til Cecilie Anna, skal ha ein konsert søndag 21. juni

Så mykje meir er det ikkje nett no. Me tenker på korleis me skal få folk ut der, på pris, og på kor mange me legg opp til på konserten.

Det første som må skje, er at me får oversikt over Yngve sine bilete. Det skal sorterast og ryddast.

Fotografia på bloggen er det Roald Sundal som tek.

Han er også ein som ligg og vakar.












Cecilie Anna
Slik er det for dinosaurar å bevega seg inn i det nye. Med forsiktige klovar, eller kva dei no hadde. VIL VAKA er noko som alltid er, og som alltid har vore. Dette ønsket om at verda skal høyra og sjå kven ein er. Det vil mellom anna bryta gjennom på Torsdagsøy 21. juni i år. I ein tekst som forsøker å forklara litt meir lyder det slik:

Det finns ein bete kunst i alle menneske. Og det er ikkje berre dei som kallar seg kunstnarar som bruker denne beten, men kanskje bruker dei den litt oftare. 
Kva er så denne beten?






Eg var ute og gjekk her ein dag, og eg gjekk ned til ei veit i nærleiken av eit vatn. Eg sto der ei stund, og plutseleg gjekk det opp for meg at eg ikkje eigentleg hadde sett 

Små strå som bivra i straumen
Det svarte laget av jord og stein i kanten av veita
Ein tannkost og eit heilt lite tre som låg på botn
Korleis verda spegla seg i det mørke vatnet
Himmelen over

Omtanken gjorde at eg såg på ein anna måte.
Å sansa og tenka med omtanke er beten kunst som finns i alle menneske. Denne kunsten er så vevd inn i det kvardagslege at det er lett for at den blir der. Men så finns det noko i oss som vil vaka. Og desse ringane som oppstår i området rundt, dei kan føra til noko godt. For oss sjølve, og for andre. Noko stort eller smått, slik har det alltid vore.

Cecilie Anna